Ei rekkje sovesofaer med ulik design vert levert frå Sandane Industri L/L. Alle er basert på ein eigenutvikla, enkel og funksjonell teknologi, som gjev god utnytting og behageleg komfort.
Tresetaren gjev den beste dobbeltsenga, men sjølv den vesle, lettmøblerte tosetaren gjev ei godt brukande dobbeltseng. Nokre av modellane (Bødal, Innvik, Halling og Nordfjord) kan leverast som hjørne. Då får du soveplass for tre.
Vi syner her utslåing av tresetar og tosetar (klikk på bileta for større versjon)
1. Ryggputene må takast vekk.
4. No kan senga oppreiast.
Tresetaren består av som biletserien syner, to heile, lange madrassar utan skøyt. Her ligg du behageleg utan knirking og "metall-lydar" frå understelle og madrass.
Utslåing av tosetar:Ved omgjering frå tosetar til dobbeltseng, nyttar ein ryggputene til å ligge på, slik fotoserien syner.
1. Ta bort ryggputene
4. Setedel og liggedel kan så vippast fram og ned på golvet med beina, samstundes som ein dreg heile "senga" fram i sporet i vangane, slik at det vert plass til ryggputene nede i "lommen" som kjem til syne. Senga er klar til oppreiing.
Ein tosetar eir eit møbel som er lett å plassere som sofa, men gjev likevel sengeplass for to.